Vi reiser til Snilstveitøy med rutebåten Rødne frå Rosendal Kai 14.25.
Møt fram 15 min før avgang.
Vi kjem til kaien på Snilstveitøy og går på grusveg til vi går ut i terrenget. Vi føl ein gammal skogsveg eit stykke og deretter går vi over på sti til toppen. Det er rimeleg lett å gå, jevn stigning. På toppen (Veten) får vi fin utsikt 360 grader rundt.
Om sommaren kan det vera mykje flått i området. Vi håpar den ikkje har vakna såpass tidleg som 10. mars 😉
Vi får avtale med Rødne skyssbåten for retur til Rosendal kl 18.30
Båten må deltakarane betala sjølve tur/retur.
HUGS: Fjellsko, det er nokre våte parti !
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt.
Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.