Go Norsk Friluftsliv to main content
24. feb. 2027

Seniortur - Toftåsen, Halsnøy

Mer informasjon
Seniortur - Toftåsen, Halsnøy
IconSted
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 10.00 - 13.30
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Turen startar frå Zoar bedehus. Kjem du frå fastlandet, tek du til høgre i rundkøyringa etter tunellen, og deretter første avkøyrsla til høgre og også til høgre i neste vegdele.

Frå Zoar går vi skogsvegen mot Øysteinvik og derfrå opp mot Storemyr. Der har dei ivrige dugnadsfolka frå Turstiar Toftåsen Storemyr laga ein flott gapahuk, Torvhuset. Her kan vi ta ein liten pause og lesa info om uttaking av torv frå Storemyr i gamal tid. 
Vi går derfrå vidare på plankesti over myra før vi tek oss opp mot toppen av Toftåsen og Åsatinget. Der tek vi dagens matpause med utsikt mot Sæbøvik.

Etter pausen går vi på sti og skogsveg ned til startpunktet og bilane.

HUSK: Fjellsko, det er nokre våte parti !  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 10.00 ved Zoar bedehus på Tofte
  • Turkarakter: MIDDELS 
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Nils Olav Støle (918 78 115) og Elling Haveland (909 38 249)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           7 km rundtur
    • * Høgdeskilnad:  170 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 2,5 timar, pausar kjem i tillegg
Icon Oppmøtested