Turen opp Heståsen frå Teigland er ein flott tur på rundt 5 km. Ein går via Bjørnskaret til Repdalksskaret. Her tek ein mat og nyt utsikten mot Havrådalen, Hoklane og Stemmeseggi. Herifrå kryssar ein seg over til Skjerpingahytta og følgjer stien får Såta ned til Teigland att.
Turen er på ca 5 km og ein må rekne 3,5 - 4 t. Turen går stort sett på bra sti. Noko myrlendt her og der som det plar.
Oppmøte på Teigland kl. 10 https://maps.app.goo.gl/mQwmkiY4f4enwfV47