Go Norsk Friluftsliv to main content
14. Oct 2026

Senior: Sesongavslutning med tur og middag

Mer informasjon
Senior: Sesongavslutning med tur og middag
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 09.00 - 18.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson
Voss Utferdslag
june.jansson@dnt.no

Påmelding: 
Du må melda deg på nett innan fredag 9 oktober kl 12.00. Det må vera minimum 20 deltakarar for at arrangementet skal gjennomførast. Du finn påmeldinga nedst på denne sida. 

Velkomen til sesongavslutning med seniorgruppa til Voss Utferdslag. 

I år avsluttar me tursesongen med ein litt anleis tur enn vanleg. Me inviterer til blåtur, der turmål og program er hemmeleg heilt fram til avreise. Det me kan lova, er ein kjekk dag med fine naturopplevingar i godt lag. Me avsluttar dagen i eit nydeleg lokale med ein god middag basert på lokale råvarer, kaker og kaffi. Me håpar du har lyst til å bli med denne onsdagen og markera slutten av turåret.

Turomtale: 
Me reiser med buss frå Holbergsplass kl. 09.00.
Kor turen går, får du ikkje vita på førehand, men du kan får eit inntrykk av turen ved å sjå på gradering og vanskeligheitsgrad. 

Gradering / vanskelegheitsgrad:   
Middels (blå): 350 høgdemeter og 6-7 km totalt. 

Det meste av turen går på sti. I starten ventar ein relativt bratt stigning, og det er her dei fleste høgdemetrane vert tekne. Vidare går turen gjennom fint og lettgått terreng med flott utsikt undervegs. Dersom veret er godt og deltakarane ynskjer det, tek me ein avstikkar til eit utsiktspunkt med vidt utsyn over området. Returen går tilbake til samlingsstaden. Turen tek om lag fire timar inkludert pausar.

Utstyr: 
Gode fjellsko, vind og vasstette klede (kle etter vêret den dagen), lue og vottar, god niste og drikke. 
Sidan me avsluttar dagen med middag, bør ein ta med byteklede. 
Ekstra sekk/pose med byteklede kan leggjast att der middagen skal serverast og vert ikkje med på sjølve turen. 

Oppmøte:
Holbergplass kl 09.00. Retur  kl. 17.45. Me reknar med å vera tilbake på Voss mellom kl. 19.00 - 19.15.

Deltakarantall:
Det er plass til maks 55 personar på arrangementet. 
Merk! Det må vera minimum 20 deltakarar for at arrangementet skal gjennomførast.

Påmeldingsavgift og frist:
Du må betale ein liten eigenandel på kr 250 per person. Dette inkluderer buss tur-retur, historiefortjeling, middag og kaker. 

På grunn av bestilling av transport og mat må du melda deg på innan fredag 9. oktober kl. 12.00. Påmeldinga er bindande etter fristen.

Me ser fram til å avslutta turåret saman med dykk og håpar mange har lyst til å bli med på denne spennande blåturen!

Icon Oppmøtested