Start på Parkeringsplassen i Skard kl 9.30
Vi startar på ein gamal stølsveg opp til Jordalskard som ligg på 1102 h.m. Derifrå går vi på merka veg vidare til Øvste Snauasetavatnet 1163 h.m. Vi har ein god pause der.
Derifrå forlet vi stølsvegen og går ca 100 høgdemeter opp på ryggen og føl den til Anehusholten,1035 h.m, kor vi har ei storslått utsikt ned i Nærøyfjorden, mot Dyrdal, Vassetedalen og Styvisdalen.
Ruta heim går via den gamle stølen Lægdene i Aurland kommune, opp til Legdeskard og ned til Skard og parkeringsplassen.
Turen er ca 1000 hm, 17-18 km og ca 7-8 timer.
Påmelding til Øydis Kleppe Bøtun Tlf 93222274, Seinast laurdag 22.08 kl 12.
Velkomen på tur.