Go Norsk Friluftsliv to main content
28. Aug 2026

Padlehelga Smørhamn 2026

Mer informasjon
Padlehelga Smørhamn  2026
IconSted
Bremanger
Icon Tid
Icon Arrangør
Flora Turlag

Padlehelg Smørhamn 2026

Då gler vi oss over å kunne invitere til padlehelg i Bremanger, med utgangspunkt i Smørhamn Handelsstad

Dette er ei turhelg som passar for alle som har grunnkurs i havpadling (Våtkort) og erfaring med litt lengre turar.

Helga vil bestå av tur laurdag og søndag. Turane er varierte og turleiar besluttar kvar desse går, alt etter ver og vind.

Med utgangspunkt fra fantastiske Smørhamn Handelstad, legg vi opp til turer i Bremangerområdet. Det vil bli lagt opp til flere forskjellige turer, etter nivået til deltakarane og værforholdene.

NB! Det er krav om Vått kort/ grunns hav for å delta på denne turen. 

Praktisk informasjon og program

Fredag: 

Middag på langbord i 2 etasje på Smørhamn kl. 19.00

Laurdag:

  • Fellesfrukost på langbord (alle tar med eigen mat), planlegging av tur
  • Padletur i nærområdet 
  • Vi avsluttar padleturen med årets kjekkaste fellesmåltd.

Søndag:

  • Fellesfrukost på langbord (alle tar med eigen mat), planlegging av tur
  • Vi sjekker ut frå Smørhamn
  • Padletur i nærområdet

Turdeltagarne arrangerer transport til Smørhamn sjølve, vi oppmodnar til sammkjøring, spesielt for dei som skal ha overnattingsplass då det er begrensa med parkeringsplassar på Smørhamn Handelsstad. 

Mat og måltider 

  • Frukost, lunsj/niste, drikke ordner vi sjølve.
  • Middag: Fredag har vi reker med tilbehør til fellesmiddag på langbordet i 2 etasje. Om ein ynskjer anna drikke enn brus, tar ein det med sjølv.

Klær

  • Ta med gode varme klær (ull), og vanntett – vi anbefaler tørrdrakt.
  • Husk: vest, åre, spruttrekk, padlesko (svamp, pumpe, flottør etc).
  • Om du leiger kajakk er vest, åre og spruttrekk inkl.
  • Ta med eige sengetøy og handduk

Sikkerheit

I padling er det kort veg frå kos til katastrofe sjølv om det skjer utruleg sjeldan. Difor er det viktig at du følger turleiarens instruksjonar undervegs. Som gruppe skal vi alltid padle i nærleiken av kvarandre, og ha kommunikasjonsavstand. Ein turleiar skal leie gruppa ved ei hending, og du må vere forberedt med å hjelpe ved f.eks. ein velt.

Godkjent vest skal alltid brukast under padling, dette kan også lånast av oss.

Påmelding/prisar

  1. Kr 1.000,- Pr person for 2 overnattingar (turavgift inkludert) på Smørhamn Handelsstad.
  2. Kr. 250,- 2 fellesmåltid (Middag)
  3. Kr. 250,- Helgeleige av kajakk med utstyr
  4. Kr. 400,- Deltaking av turar uten overnatting

Ved påmelding ønsker vi følgande informasjon i kommentarfeltet; 

  • Eventuelt leie av kajakk av turlaget. 
  • Ønsker plass på henger til eigen kajakk.
  • Ønsker å få sitte på i bil frå/til Florø 

· Ta gjerne kontakt med Tine Kroppan på tlf nr 97168809 om du har spørsmål til turen.

·



Icon Oppmøtested