Frammøte på kaien i Vik kl 18 ved kommunehuset. (Eller direkte i Fresvik kl. 18:40 på parkeringsplassen til IL Modig.
Fellestransport med bil: 35 min.
Lengde på gåtur: 6 km
Tidsbruk på gåtur: 2 timer
Stigning: 95 hm.
Vi startar ved parkeringsplassen til IL Modig og går opp Elvevegen, der fortset vi på Øvstevegen, vidare forbi garden Skau, der Fresen held til med utsikt til fjorden. Vi går forbi Fresvik kyrkje, og ut til badeplassen i Fresvik. Vidare til den gamle Hamna der vi tar ein matpause og gjerne eit bad i fjorden.
Vi går tilbake til kaien, svingar inn forbi Bygdeheimen, og gjennom grenda Gyrje. Så går vi inn på gardsbruket Sagi, gjennom tunet der og kjem inn att på Elvevegen ved Fresvik Produkt. Og tilbake til parkeringsplassen. En fin tur der vi får sjå bygda frå alle kantar.