Det har vore litt tvil om kva som er Høgevarden på Vikafjellet. Dette fjellet, opp frå kommunegrensa Vik/Voss, er det høgste fjellet i området, og med ein fin varde på toppen. Me meiner dette er Høgevarde. Me parkerer ved kommunegrensa, og følgjer den merka turruta mot Hestavollen eit stykke, tek deretter til høgre, og det er flott terreng å gå i opp mot toppen. Ned att går me mot sør, eit stykke utan sti, før me kjem inn på sti som går tilbake til Grensa. Etter turen er det avslutning på Onsdagstursesongen på Målsethytta!
Frammøte: Kaien i Vik, ved Kommunehuset.
Fellestransport med privatbil: ca. 30 min.
Lengde på gåtur, ca.: 5,0 km
Tidsbruk på gåtur, ca.: 2,5 timar
Høgdemeter, ca.: 200 m
Høgste punkt: 1144 moh.