Me køyrer til Framfjorden, og håpar å køyra opp til øvste garden for å spara tid. Herifrå går det sti, først over innmark, deretter gjennom lauvskog i greitt terreng. Ved stiskille tek me til høgre og går opp den gamle snarvegen til Le. Kan verka litt luftig somme stader, men det er gjort mykje for å sikra og forbetra han i det siste. På Le har me avtale med eigar Rigmor Solem, som viser og fortel om restaureringsarbeidet. Så går me vidare opp til Gruvene, med minne frå storheitstida i Fjorden. Det er rydda mykje skog i området, så det er meir oversiktleg. Ned att går me Gruvevegen, ein lettare sti.
Frammøte ved kaien i Vik ved kommunehuset. Eller ved butikken i Framfjorden.
Fellestransport med privatbil: ca. 25 minutt
Lengde på tur: ca. 5 km
Tidsbruk på gåtur: ca. 3,5 time
Høgdemeter: ca 450 m
Høgste punkt: 439 moh