Frå Moane kjører vi stølsvegen mot Fullsenn (bomveg), til ca. 1 km forbi Søre Trollåsen. I ein slak venstresving like etter eit par hytter er det plass til å parkere. Her tek god stig tek av mot sør, og fylgjer nakne bergryggar lenge oppover. Små vardar undervegs.
Tidleg blir det fint utsyn både mot vest og nord. Etter kvart eit stidele der ein tek t.h. opp til toppen på Saurshøgde (1092 moh). God pause her før retur same veg. Ta med litt mat/drikke, kikkert kan også vere greitt å ha. Gåtid totalt ca. 2 t.
Oppmøte: kl 17 ved bommen i Moane, evt. samkjøring vidare.
Turleiar: Tor Harald Skogheim 996 90 793 thskogheim@gmail.com
Foto: Tor Harald Skogheim, "På Saurshøgde, mot Skaget og Jotunheimen".