Har du sett jettegrytene på Soleide? Ikkje det - no har du høve til å bli kjende med desse. Vi køyrer (syklar/går) til velte-/parkeringsplassen på Soleide, Vie. Tema for turen er spor frå siste istid, og vi skal mellom anna sjå store jettegryter. Det er ein lett tur, men det vil truleg vere litt vått terreng somme stader. Det blir også litt ferdslehistorie.
Avreise frå Laksen kl 18.00. Avgang frå velteplassen på Soleide kl 18.15.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn, og minner m.a. om at turdeltakarane går på eige ansvar.