Bli med på ein fantastisk flott tur tilbake til farne tider langs veglause gardar på begge sider av Veafjorden. Med Brørvikskuto legg vi frå kai på Stamneshella for å ro eller sigle utover Veafjorden. Det vert rikeleg med kulturhistorie på heile turen der vi besøker gardane Bukkstein, Veo og Kvamme.
Oppmøte: Stamnes kai. Parkering oppe ved kyrkja.
Oppmøtetidspunkt: Laurdag 12. september kl 11.00
Avslutning: Stamnes kai klokka 16

Turskildring: Turen startar kaien på Stamneshella. Første etappe går med Brørvikskuto, ein kopi av ein vedaskute som gjekk i fjordane her, til garden Bukkstein på Osterøysida av Veafjorden. Skuta har motor, men vi får prøvd å ro og sigle skuta også om vêret tillet det. På Bukkstein, der det er to gardsbruk og skulehus (nå grendahus), får vi omvising av Oddvar Bukkestein. Der i frå går vi på gamal skuleveg langs fjorden til Veo forbi husmannsplassen Holo som no er under restaurering. Dette er ein kort og flat tur på 2 km med omlag 30 minutt i gangtid. Me reknar noko lengre tid då vi vil møta folk som kjem frå gardane her. Dei vil fortelje oss om livet slik det var på gardane då det var drift her.
Våningshuset på Bukkstein
På stien mellom Bukkstein og Veo
Frå Veo tek vi skuta over fjorden til Kvamme. Vi vil først få ei omvising på garden før vi i naustet får servert fiskesuppe m/brød og kaffi etterpå. Her vil vi få høyre meir om laksefiske i fjordane frå Helene og Ola Kvamme.
Servering av fiskesuppe på kaien på KvammeFrå Kvamme tek Brørvikaskuto oss attende til Stamneshella.
(NB! Vi vil ikkje besøke Fylo og Kvåstad på denne turen)
Gradering: Lett tur. Denne turen vil dei aller fleste kunne vere med på. Ein må kunne gå eit par kilometer på god sti. Inga stigning.
Kulturhistorie: Om ein er interessert i gardane og plassane ein passerer på turen finn ein meir informasjon i bygdeboka for Vaksdal, band II og III: http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Bygdeb%C3%B8ker_for_Vaksdal
Brørvikskuto kan ein lese meir om på heimesida til stiftinga Brørvikskuto.
Sjå også gjerne episoden av nrk-programmet frå Bukkestein Der ingen skulle tru nokon kunne bu: https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/sesong/15/episode/5
Utstyr: Lett tursekk pakka med:
Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår
Pris: 700 kr ,- for medlemmar, 850 kr ,- for ikkje-medlemmar. Betaling når du melder deg på. Full refusjon vert gjeve ved avmelding inntil 10 dagar før turen, halv refusjon ved seinare avmelding. Ingen refusjon ved avmelding mindre enn 48 timar før turstart. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap.
Kart: Voss 1:50 000.
Turleiar: Elizabeth Gjessing
Spørsmål? har du spørsmål kontakt med willy.andre.gjesdal@gmail.com