Me menneske har samla oss rundt bålet i tusenvis av år; For å kjenna på tryggleik og samhald, halda varmen, laga mat og fortelja historiar. Bålet har ein lækjande effekt på oss - å sjå og høyra knitringa frå flammene roar ned stressnivåa i kroppen.
Bålkos og kveldsmat
For oss er det difor naturleg å markera verdsdagen for psykisk helse rundt bålet. Me inviterer alle til bålkos og kveldsmat i Prestegardsmoen. De finn oss på ei av dei tilrettelagde bålplassane i Prestegardsmoen. Helle Karlsdottir tek med seg gitaren og syng nokre songar for/med oss.
Dette vert ein skikkeleg koseleg kveld og me vonar mange vil ta turen. Ta med familien din, bestemora di, naboen eller kom som du er. Me ynskjer alle generasjonar velkomen!
Her finn de oss (markert med gult):
Tidspunkt
Måndag 12. oktober kl. 18.00 - 19.30
Ta med:
Gode klede
Lite sitjeunderlag
Kveldsmat og evt noko varmt å drikka
PS: Om vêret vert ruskete flyttar me arrangementet til utescena og fyrer opp ei bålpanne ved scena, så kan alle sitja under tak.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Voss Utferdslag, Kirkens Bymisjon, Oasen og Mental Helse Voss.