Go Norsk Friluftsliv to main content
08. Jul 2026

Kvitingskjølen 2064 moh – rundtur i høgfjellsterreng

Mer informasjon
Kvitingskjølen 2064 moh – rundtur i høgfjellsterreng
IconSted
Lom
Icon Tid
Kl. 09.00 - 17.00
Icon Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Icon Kontaktperson

Dato: Onsdag 8. juli 

Tid: Oppmøte for samkjøring klokka 09.00 

Oppmøtestad: Bomveg mot Soleggen (avkjøring i toppen av Rådsbakken mellom Garmo og Lom) 

Turmål: Store Kvitingskjølen (2064 moh) og Vestre Kvitingskjølen (2060 moh)

Passer for: Ungdom over 14 år og vaksne som er i form til å gå fleire timar i fjellet. 

Turleiar: Anita Haugen

Påmeldingsfrist: 1. juli

Pris: 

Gratis for medlemmar i DNT Gudbrandsdalen og ungdom under 26 år. 

Vaksne: 200 kr


Bli med på ein flott rundtur til ein av dei mest spektakulære utsiktstoppane i Lom! Kvitingskjølen ligg i den nordlege delen av Jotunheimen, og den høgaste toppen, Store Kvitingskjølen, ruvar heile 2064 meter over havet. Herfrå får du eit 360° utsyn frå Rondane i nord til Jotunheimen i sør og vest – med utsikt til kjende fjell som Glittertind, Gjendealpene, Surtningssue og Styggebreen.


🔹 Turbeskrivelse – hovudrute:

Vi kjører Medalsvegen forbi Solell til, ca 1160 m.o.h. Turen går på nordsiden av Krokågjelet over Vestre Kvitingskjølen (2060 moh.) og videre til hovedtoppen, Vestre Kvitingskjølen (2064 moh). Dette blir da ein fin rundtur ned Kvitingsgjellet attende til bilane.

 

📏 Turinfo:

- Vanskegrad: Krevjande. Turen går i ein del stein, så du må ha erfaring med å gå i ulendt terreng og steinur i fleire timar.

- Lengde: Rundt 18 km (rundtur)

- Høgdemeter: 900 høgdemeter

- Tidsbruk: 7-8 timar inkludert matpause

- Utstyr: Gode fjellsko, vindtett klede, lue, votter, mat og drikke


-Tips til pakkeliste finn du her: Pakkeliste sommertur


Velkomen med på tur! Dette er ei flott anledning til å oppleve klassisk høgfjellsnatur med godt selskap.

 Ta kontakt med Anita på tlf. nr. 99712677 om du har spørsmål. 

 

Icon Oppmøtested