Bolstadstølen ligg idyllisk plassert mellom Bolstad og Bergsdalen 590 moh. Her har det vore stølsdrift frå langt tilbake i tid og fram til andre verdskrig. Det var mange sel på bøen, og mange av dei står heilt eller delvis enno.
Oppmøte: Turbinen på Dale
Dato: 15.september kl 1030
Ved Turbinene fordeler vi oss i bilar og samkøyrer til Berge eller Bergsøyane i Bergsdalen. Turen går visare opp til Storhaug og vidare opp Bergsskaret på omkring 700 moh. Her er det god sti å følgje. Frå toppen av Bergsskaret går det slakt nedover mot stølen. Vi skal krysse elva to gonger før vi kjem til bøen, men dette er heilt uproblematisk på denne tida av året. Ved sela tar vi ein god rast.
På returen vil vi gå opp på Brunane og nyte ei nydeleg utsikt i mange retningar.
Vi reknar å bruke om lag 5 timar på turen (køyringa kjem i tillegg). Du bør ha gode sko og ein sekk med mat og drikke for ein dag på tur. Hugs klede etter vêret!
Turleiar: Kari Brørvik