Go Norsk Friluftsliv to main content
31. Jul 2026

Kajakk og fottur i Nærøyfjorden

Mer informasjon
Kajakk og fottur i Nærøyfjorden
IconSted
Icon Tid
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

31.juli - 2.august 2026 

Kajakk og fottur i Nærøyfjorden. Midt i verdsarven 

Me møter kvarandre i Gudvangen tidleg fredag ettermiddag. Deltakarane har med eigne kajakkar. Me pakkar i båtane og er klare for ei helg i vestnorsk fjordlandskap. 

Det er ei oppleving å padla på Nærøyfjorden. Ein smal fjord med stupbratte fjell og flotte fossar. Me ser verdsarven frå fjorden!  

Etter ei kort padleøkt går me i land på Bakka. Der håpar me på å få ei omvising i den vakre kvite kyrkja. Så et me litt før me padlar vidare.  

Om me har god tid gjer me eit strandhogg på Styvi,  kjent frå programmet «Der ingen skulle at nokon kunne bu». Om det høver slik, tek me turen innom gardsmuseet på Styvi. 

I kveldinga dreg me opp kajakkane i Dyrdal, ei bygd med berre ein fastbuande. Dyrdal er kjent frå same fjernsynsprogram som Styvi.  

Me overnattar begge nettene på den nedlagde skulen i bygda. Fredag kveld lagar me oss ein god middag. Kanskje me ruslar ein tur opp i det gamle rekketunet? 

Laurdag morgon får me båtskyss attende til Bakka. Der blir me med på Verdsarvturen. Ein årleg tur som går frå Bakka til Dyrdal. Turen er lang, om lag to mil og er på om lag 1300 høgdemeter. Undervegs får me fleire stader eit fantastisk utsyn over Nærøyfjorden. I dag ser me fjorden og verdsarven i fugleperspektiv! 

Turen vert avslutta i Dyrdal. Etter ein lang tur smakar det med ein god fellesmiddag med kaker og kaffi. 

Vel attende på skulen kan det henda nokre kjenner trong for å stupa uti sjøen. Det er i så fall vel fortjent! 

Søndag et me frukost og vasker ut etter oss. Så legg me ut på ein stille Nærøyfjord.  

På veg attende til Gudvangen kan me gong etter gong la åra kvila og løfta blikket opp mot fjella. Me ser opp på Breiskrednosi og andre fjell me var på i går. Det er veldig fint. 

 

De kan lesa meir om Verdsarvturen på denne sida:  

https://www.facebook.com/verdsarvturen/

  

Turleiarar: 

Gunnlaug Vågen Tjelmeland, tlf 95 97 44 38 

Leif G. Hovden, tlf. 957 68 135

Kjell Inge Tufte Tyssen (Verdsarvturen), tlf 95 06 67 89 

Dyrdal


Frå Verdsarvturen


Utsyn over Nærøyfjorden, frå Breiskrednosi


Stille Nærøyfjord



Icon Oppmøtested