Når vintermørket senkar seg over skogen, inviterer vi til ein varm og stemningsfull førjulskveld i Prestesætra gapahuk, for ungdom på 8.–10. trinn.
Inne i den julepynta gapahuken spelar vi julemusikk og let lukta av bål, granbar og nysteikte julekaker fylle lufta. Rundt bålet kan du varme hendene med ein kopp kakao medan vi skravlar, ler og finn ro i den travle førjulstida.
Vi skal òg bruke naturen som verkstad og lage julepynt og små kunstverk av kongler, kvistar, mose og andre skattar vi finn rundt oss. Kanskje lagar du noko fint til å henge på juletreet, eller ei lita julegåve til nokon du er glad i?🎄
Praktis informasjon:
📍 Oppmøte: turparkering i Raudemyrvegen i Volda https://maps.app.goo.gl/PTCj95VFAh2vGqq89
📅 25. november, kl. 17-20
👥 Ungdom 8-10. trinn
💰 Gratis deltaking
🥾 Ta med ein kopp, sitteunderlag og varme klede
Dette skjer:
✨ Juleverkstad med naturmateriale
🎶 Julemusikk og lun førjulsstemning
🌟 Gapahuken pyntast med julelys og lykter
☕ Varm kakao rundt bålet
🍪 Julekaker steikte på bål
Ta på varme klede og bli med på ein kveld fylt med bålkos, kreativitet, julelys og god stemning i skogen. Kanskje finn vi litt julemagi i Prestsæterhuken også. ✨🎅🏻🌲
Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 4 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Her kan du lese mer om medlemskap og melde deg inn.