Merk: I staden for tur frå Sluppen til Frønningen i Lærdal tek vi turen tur/retur til Bleia 1717 moh.
Sundag 19. april går vi den klassiske fjellskituren til Bleia i Lærdal. Dette er ein lang tur på 25 km tur/retur og vell 900 høgdemeter og vi bereknar ca. 8. timar på heile turen.
Oppmøte Allmenningen 08.30.
Ferge Mannhiller 09.00
Avmars Sluppen 10.00
På denne turen treng du fjellski.
Ta med godt med drikke og mat. Solkrem. Skifeller.
Her er tips til kva du ellers skal ha med i sekken:
Pakkeliste dagstur vinter - DNT
Turen har krav om påmelding.
Turleiar: Ove Ellingsen (91354923)
Kjenntkvinne: Ranveig Kvåle
Ettersom turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet, m.a. avreisetidspunkt. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag og på Facebook for oppdatert turprogram.
Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren.
Alle turar med Sogndal Turlag er gratis for medlemmar, men der det blir sett opp buss eller båt så må ein betala.
For ikkje-medlemmar som ønskjer å delta på turane kostar det 50 kr å vere med.
Beløpet kan vipses til 99206