Go Norsk Friluftsliv to main content
26. Apr 2026

JUBILEUMSTUR: Sørsidetur i Sognefjorden

Mer informasjon
JUBILEUMSTUR: Sørsidetur i Sognefjorden
Icon Tid
Kl. 08.00 - 18.00
Icon Arrangør
Sogndal Turlag

Turskildring

På sørsida av Sognefjorden er det ikkje veg, berre stiar mellom gardane. Det gjer det vanskeleg å besøke gardar og grender som Vollevik, Sylvarnes, Stavedal, Vetlesand og Alrek som ligg lengst vest i Vik kommune. Sogndal Turlag inviterer deg med på ei spanande vandring langs stiar mellom desse gardane og smågrendene. Nokre bruk er fråflytta, medan på andre vil me treffa trivelege fastbuande. 

Vandringa vil ta 5-6 timar og er ganske lett, men med noko opp og ned. Me blir skyssa fram og attende med båt frå Vik. Det vert tidleg avreise frå Sogndal, og ein må rekne med å bruke heile dagen. 

Avreise og transport

Avreise frå Almenningen i Sogndal kl. 8.45. Avreise med ferje frå Hella kl. 9.35 til Vangsnes.

Båten som skal ta oss på til der vi startar å gå, går frå Vik ca. kl. 10.35.

Ein må rekne at pris for båten til og frå Vik er ca. kr. 400 pr. person, alt etter kor mange vi blir. Beløpet kan vipses til 99206 i etterkant av turen.

Påmelding 

Turen har krav om påmelding, meld deg på i skjema under.

Turinfo

Kart: Turkart Stølsheimen 1: 100 000 eller Turkart Vik 1: 50 000

Turleiar: Tom Dybwad (tlf. 97 52 34 11) og kjentmann Vidar Lægreid (tlf. 48 15 53 202)


Turplanlegging     

Ettersom   turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet, m.a. avreisetidspunkt. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag og på Facebook for oppdatert turprogram. 

Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren.

Betaling for turar med Sogndal Turlag

Alle turar med Sogndal Turlag er gratis for medlemmar, men der det blir sett opp buss eller båt så må ein betala. 

For ikkje-medlemmar som ønskjer å delta på turane kostar det 50 kr å vere med. 

Beløpet kan vipses til: 99206.