Go Norsk Friluftsliv to main content
05. Jun 2026

JUBILEUMSHELG: Kysttur til Råkeneset

Mer informasjon
JUBILEUMSHELG: Kysttur til Råkeneset
IconSted
Hardbakke
Icon Tid
Icon Arrangør
Sogndal Turlag
Icon Kontaktperson

Råkeneset

Råkeneset er ei ubetjent DNT-hytte i Solund kommune. Huset på Råkeneset er 250 år gammalt og både hus og området er freda av Riksantikvaren. Dette krev ekstra varsam bruk av huset og området.

Årsmøte i Sogndal Turlag gjorde i 2008 vedtak om å ta på seg å utvikle Råkeneset til ubetent turlagshytte, då det ikkje var lokalt turlag som kunne stå føre dette og i dei ti neste åra var hytta ein del av Sogndal Turlag sitt hyttetilbod. 

I samband med 50-årsjubileet til Sogndal Turlag vil vi tilbake til Råkeneset.

Program for helga

Fredag blir det felleskøyring til Solund og Råkeneset.

Laurdagen blir det tur til Pollatinden på 541 moh. Pollatinden gjev ei flott utsikt over øyane i Solund og områda nord og sør for Solund. I tillegg så blir det tid og høve til å gjere seg kjent i området. 

Søndagen er det avreise, og høve til tur på Krakhellenipa (569 moh).

Nærare info om transport kjem her på sida i forkant av turen.

Påmelding

Krav om påmelding og eigenandel for overnatting og transport

Turleiarar

Leif Longvanes (90646424) og Reni Herland

Turplanlegging     

Ettersom   turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet, m.a. avreisetidspunkt. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag og på Facebook for oppdatert turprogram. 

Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren.

Betaling for turar med Sogndal Turlag

Alle turar med Sogndal Turlag er gratis for medlemmar, men der det blir sett opp buss eller båt så må ein betala. 

For ikkje-medlemmar som ønskjer å delta på turane kostar det 50 kr å vere med. 

Beløpet kan vipses til: 99206.

Icon Oppmøtested