I år går Vik Turlag sin helgatur til Uppsete i Vossafjella, mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden, i Aurland kommune. Bergensbana går forbi Uppsete, på veg frå Voss til Finse. Stasjonen ligg mellom Mjølfjell og Myrdal, 860 moh. Lokaltoga stoppar på Uppsete. Det går 4 -5 lokaltog pr. dag. Me frå Vik er ikkje spesielt kjende i området, men det vil vera interessant å prøva noko nytt. Det er tenkt som ein helgatur fredag ettermiddag til sundag ettermiddag.
Fjellstova.
Uppsete Fjellstove er bygd i 1938, og har ein heller enkel stil, utan spesiell luksus. Det er ein, to og tre-persons rom. Verten heiter Sverre, frå Bergen, men bur for det meste på fjellstova. Han lagar frukost, og middag til kvelden. Kjøttkaker m/tilbør første kvelden, hjortegryte med hjort frå Dyrdal til andre kvelden. Niste m/thermos kan ein også få kjøpt. sjå prisar og meir info https://upsetefjellstove.no/
Reisa dit.
Samkøyring med privatbilar frå Vik til Voss. Me parkerer på Ygre, første stasjonen etter Voss. Her er det gratis parkering med plass til 10 bilar. Tog frå Voss Kl. 17.52 passar best, til Uppsete kl. 18.43. Fjellstova ligg 350 m frå stasjonen på Uppsete. Retur sundagen.
Turar.
Forslag til fottur laurdagen: Ta lokaltoget til Myrdal, 5 minutt. Gå inn Myrdalen, stigning opp dalsida, og fjellterreng til Kaldavasshytta, 1270 moh. (5,5 – 6 km). Ubetent hytte til Voss utferdslag. Matpause, og vidare på T-merka sti til Uppsete (5,5 – 6 km). Eit alternativ er å gå Ugjerdsdalen. Dette er noko kortare, totalt 8 – 9 km, og mindre stigning. Også eit alternativ ved dårleg ver. Sjølvsagt kan ein også gå kortare tur. Mindre tur på sundags føremiddagen.
Info – påmelding.
Dette er noko foreløpig informasjon. Endeleg påmelding vert seinare på sommaren. Likevel kan det vera greitt å vita kor mange som er interessert med tanke på å reservera rom (ikkje bindande). Send melding/ring til 91513117 (Nils Gunnar Finne) så snart du har gjort deg opp ei meining. Du kan også lesa meir, sjå foto, osv. på heimesida til Uppsete Fjellstove. https://upsetefjellstove.no/