Etter nokre år utan tur med overnatting for seniorar inviterer vi til overnatting i Petersenhytta med turar i Gjengedalen den 18. og 19 august.
Petersenhytta er ei stor tømmerhytte frå 1918 som er totalt renovert dei siste åra. Den ligg ved Storevatnet i Gjengedalsmarka. Den var tidlegare eit jaktparadis for Bergen sin overklasse. Det er mange gode historier knytt til hytta. Den er no eig av Dag Bakketun og Olaug Utheim Bakketun.
Aktuelle turar i Gjengedalen kan vere Byrkjeneset, Mehaugen, Dalelia, Rantane eller Gjengedalsstøylen. Kva tur vi legg opp til vil eg kome tilbake til når det nærmar seg. Det er også høve til fiske frå land og båt, ta seg eit bad eller kva ein måtte ha lyst til.
Det er sett opp ein tur til Bleikegga den 18. august som ein kan vere med på om ein ønskjer. https://aktiviteter.dnt.no/register/bleikeggaihyentysdagstur_14052026114830#/
Du må ha med:
- det du vil ha å drikke
- brødmat/ niste til lunsj tysdag, frukost og lunsj onsdag
- turkle og sko etter været
- sovepose
Vi ordnar felles middag tysdag.
Turleiar er Bente Ellingvåg
Hugs å melde deg på turen.