Go Norsk Friluftsliv to main content
09. Jun 2026

Frivilligsamling

Mer informasjon
Frivilligsamling
IconSted
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 18.00 - 20.30
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Vi har gleda av å invitera turleiarar, tillitsvalde og dugnadsfolk til ei hyggeleg og inspirerande samling!

 Stad: Steinparken i Rosendal – Dinosaurhuset Tysdag 9.juni: kl. 18.00

Dette blir ein kveld for påfyll, fellesskap og inspirasjon.

Vi set fokus på frivillig-goder og korleis vi kan ta vare på og utvikla det gode frivillige arbeidet vårt. 

Vi er så heldige å få besøk av Øystein Lossius, som er frivilligkoordinator i Bergen og Hordaland turlag. Han vil dela tankar og erfaringar rundt frivilligheit, motivasjon og kva som skapar gode lag og sterke fellesskap. Han vil informera om frivilligregisteret.

Dette er også ei fin anledning til å møta andre turinteresserte, turleiarar og dugnadsfolk på tvers av gruppene og i Kvinnherad turlag.

Det blir enkel servering og god stemning!

Vi håpar du har lyst til å vera med – du er ein viktig del av fellesskapet vårt

Dinosaurhuset i Steinparken.

Icon Oppmøtested