Go Norsk Friluftsliv to main content
13. Aug 2026

Friluftsforedrag: På tur med barn (NF26)

Mer informasjon
Friluftsforedrag: På tur med barn (NF26)
IconSted
Ørsta
Icon Tid
Kl. 19.00 - 20.00
Icon Arrangør
DNT Sunnmøre
Icon Kontaktperson
Tone Drabløs
tone.drablos@dnt.no

For friluftsinteresserte som etter kvart blir foreldre, er den ultimate suksess å få ungane like entusiastiske på tur som ein er sjølv. Det er ikkje alltid like enkelt.

Gunnhild Ødegård Thorsen og Stephan Balling tek med seg sønene Per (12) og Finn (9) på dei utrulegaste eventyr - på ski, sykkel og til fots og vil dele inspirasjon og gode tips i dette foredraget under Naturfestivalen.

Stephan er frivillig i DNT Sunnmøre, som turleiar på ski og til fots. Han er frå Nürnberg i Tyskland, og har utdanning som skiinstruktør derifrå.

Gunnhild er oppvaksen på Røros og har alltid likt å vere ute.

I dag bur dei i Ålesund, men boltrar seg over heile landet når dei dreg ut på tur.

Foredraget er gratis og åpent for alle, men meld deg på slik at vi veit kor mange som kjem.

Icon Oppmøtested