Bli med Hjelmeland og Suldal turlag på ein lang fellestur frå Fjellberg i nord (Suldal kommune) via Frøkedal, Natlandstølen, Skitli, Ramsfjellheia, Indre Ramsfjell, Midtre Ramsfjell til Ramslia ved Jøsenfjorden.
Turen startar på p-plassen i Fjellbergskaret hyttefelt, ca 610 moh. Me følgjer turveg/ merka sti vestover til Frøkedalsvatnet. Derfra dreier me sørover ut den opne fine Frøkedalen ned til Natlandstølen, ca 520 moh. Derfra stig terrenget igjen og me kryssar kommunegrensa på vestsida av Blåfjell 792.
Me går innom den vesle stølshytta Skitli. Krokavatnet blir passert truleg ved vading, dersom det er låg vannstand. Deretter stig det opp mot den snaue vakre Ramsfjellheia, og høgaste punktete me er innom er Risheivarden 767 moh. Flott utsikt, og herfra ser me den lange Jøsenfjorden.
Herfra går det berre nedover i terrenget. Me svingar innom både Indre Ramsfjell og Midtre Ramsfjell, før det går bratt ned mot fjorden til Ramslia ved fylkesveg 4702.
Kjentmann på turen er eigar av Indre Ramsfjell : Kjell Magnus Langvik.
Turen er ca 15 km i dels ulendt terreng utanom stiar. Dette er altså ein lang dagstur, så du bør vere fjellvandt og i god form. Me tar pausar undervegs. Ta med god niste, drikke og klær etter værfoholda.
NB: Det kan bli endringar i ruteval. Meir info om turen følgjer når det nærmar seg, og følg med på Hjelmeland og Suldal turlag si facebooksider
Turen er gratis.
Men støtt gjerne vårt frivillige arbeid med å melde deg inn som medlem i Den Norske Turistforening - Dersom du har bustadadresse i Hjelmeland blir du automatisk medlem i vårt lokale turlag.