DNT Sunnmøre inviterer til fjellturhelg på Kolåstindhytta.
Kolåstindhytta ligg utruleg flott plassert rett under Kolåstinden, kongene av Sunnmørsalpene. Hytta er omkransa av magiske tindar og fjelltoppar. Kolåstindhytta er utgangspunkt for mange spanande toppturar, og kan nyttast som base både sommar og vinter.
Bli med på ei fjellturhelg her i dette fjelleldoradoet. Med Kolåstindhytta som utgangspunkt har vi mange turmuligheiter. Kolåstindhytta er ei moderne hytte med 11 sengeplasser, oppvaskmaskin, vaskemaskin, til og med tilgong til internett. Gode måltider samlar oss kring kjøkkenbordet. Å fyre i peisen på kvelden er kjempekoselig, og dei gode samtalane og historiene sitt laust når vi samlast i sofakroken, før ein finn senga på kvelden etter ein super dag ute i fjellheimen kring Kolåstindhytta.
Oppmøte: Vi møtes ved Kolåstindhytta fredag kl 1700. Vi blir litt kjent, innlosjerer oss, fordeler rom og oppgåver for helga. Samkøyring avtalast med dei som kjem frå same region i forkant. Møtested for parkering kan vere Solavågen fergekai.
Fjellturer: Helga vert til medan den skrider fram, dette på grunn av at vêret kan være litt ustabilt.
Laurdag: Nordre Sætretind - Vi går opp i Kvanndalen, opp til vatnet, her dreier vi mot høgre, og går bratt opp på Nordre Sætretind, ned i Fladalen og tilbake til hytta.
Søndag: Fingern - vi et ein god frukost, vaskar oss ut og tek turen til Fingeren, dette er ein fin og ganske lettgått tur, med spanande klyving opp til toppunktet.
Alternativt kan vi gå på Sylvkallen, Nonshornet, Grøthornet eller Langnestinden. Vi kan også gå opp i Kvanndalskaret. Moglegheitene er mange.
Kart over aktuelle områder, pakkeliste og proviantliste vil sendast ut etter påmeldingsfristen.
Krav til deltakere: Du må vere godt fjellvant og ha erfaring frå noko utsett klyving. Turen kan bli alt frå krevjande til moderat, dette er avhengig av vêret denne helga. Vi tek kontakt med alle turdeltakarar veka før avreise. Fokuset er gode opplevinga i fjellet, både utfordringar, meistring og godt sosialt samspel.
Mat: Enkel kveldsmat fredag, samt middag laurdag er inkludert i prisen. Kvar einskild syter for; Frukost, lunsj, drikke, snacks og frukt etter eige ønskje.
Pakkliste: Ta med utstyr for turer basert på vær og forhold. Se utgangspunkt for pakkliste her: https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-sommerturen/
Turleiar: Rigmor Nekstad(nekstad31@icloud.com), Annki Olsen og Ravn Haugseth
Deltakere: Min 4, maks 8 deltakarar
Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 5 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Her kan du lese mer om medlemskap og melde deg inn.