Go Norsk Friluftsliv to main content
06. Jun 2026

Fiskesommar, Nissedal

Mer informasjon
Fiskesommar, Nissedal
IconSted
Icon Tid
Icon Arrangør
Nissedal JFL

Velkomen til fisketur med overnatting (for den som ønskjer) til Vinkeldammen/ Paradisbukta (Tjørull)

Me samlast til ein artig helg med fiske i fokus! 

MÅLGRUPPE:

- Heile familien. 

- Born u/ 15 år må ha med seg ein føresett.

NB! Det er ikkje bilveg fram, og ein må ta seg til fots ca 2 km.

 

OPPMØTE felles avmarsj (for dei som ikkje er kjent):

- Tjørullkroa, kl 11.00. Avmarsj ca kl 11.15.

- Alternativ veg: Parkering ved Sandarhylen for ein kortare gåtur inn. Sei i frå, dersom de ønskjer det. Same tidspunkt.

 

UTSTYR:

- For dykk som har eigne fiskestenger, tar de med det. Me har nokre utlånsstenger for dei som manglar. 

- Ev. sovepose, underlag, varme klede, lommelykt, kniv og kopp etc. 

MAT:

- Kvar ordnar for seg. Det vil vere mogleg å grille.

 

Barn og ungdom u/ 18 år som vil med, får kvar sin slukboks med 5 stk ferskvasslukar tll odel og eige! 

VEL MØTT til ein koseleg fiskehelg i Tjørull!

Icon Oppmøtested