Go Norsk Friluftsliv to main content
29. Apr 2026

Filmkveld med Turlaget: "Vi som solgte landet"

Mer informasjon
Filmkveld med Turlaget: "Vi som solgte landet"
IconSted
Alver
Icon Tid
Kl. 18.00 - 20.00
Icon Arrangør
Nordhordland Turlag
Icon Kontaktperson
Nordhordland Turlag
nordhordland.turlag@dnt.no

Nordhordland Turlag inviterar til å sjå filmen "Vi som solgte landet".

Dette er gripande og visuelt slåande dokumentarfilm som veg verdien av vår urørte natur opp mot verdiane vi kan hente ut frå den. 

Tid: Onsdag 29. april 2026 kl. 18.00 - 20.00

Stad: Nyheim ungdomshus, Fammestad. Adresse: Mykingvegen 550, Eikangervåg

Folk for fjella vil opne kvelden med å fortelje om sitt arbeid for tida.

Kaffi og enkel servering når du kjem.

Ope og gratis for alle, men du må melde deg her!

Teknisk arrangør er Nyheim pensjonistkino som også har kiosksal.

Omtale av filmen:

- Bergens Tiende - trykk her

- Bergen kino - trykk her

- Norsk filminstitutt - trykk her.

"Konsulentens vurdering: Filmen utfordrar biletet av Noreg som eit naturparadis, ved å belyse korleis politikarar sel ut naturressursar som eigentleg tilhøyrer folket. No er det berre elleve prosent urørt natur att. Filmen, som er poetisk og filosofisk, men også opprørande og engasjerande, fokuserer på Noregs handsaming av naturressursar og påverknaden dette har på innbyggjarane, både i notida og framtida. Den skil seg ut ved ikkje å vere ein tradisjonell aktivistfilm, men heller ein kunstnarisk framstilling som set vanlege folk og naturen i sentrum. Regissør Kieran Kolle brukar innovativ filmteknikk med tablåar og observerande kamera for å skape eit emosjonelt avtrykk og gi kontekst til temaets kompleksitet - konsulent Anna J. Ljungmark"

 Foto: Kieran Kolle



Icon Oppmøtested