Dette er ein fantastisk flott, men krevande tur. Vi starar frå Blomdalsleitet og går stabbesteinsvegen forbi Træet gard og inn til Hesjedalsbotnen. Der tek vi opp ved gamle skulehuset og klatrar oss opp til Storavatnet. Om det er varmt og fint går det ann å ta seg ein dukkert her. Turen går vidare opp langs Fjellsnova. Den siste delen opp til Høgafjellet går i skikkeleg høgfjellsterreng med mykje sva. Frå toppen har vi utsyn a alle retningar. På gode dagar ser vi Lønahorgi, Folgefonni og langt til havs.
På turen ner går vi via Setnipo, Melkinghaugen og passerer fine badetjønn nær Lauvtjønnane.
Turen er på ca 15 km med 700 høgdemeter stigning, og ein nyttar fort 6-7 timar med pausar. Det er dryge stigningar oppover, men ei fantastisk oppleving. Turen er krevande.