Go Norsk Friluftsliv to main content
06. sep. 2026

Familiedag på Friluftsfyret Kvassheim

Friluftslivets dag Foto Paulina Cervenka 16 1
IconSted
Nordsjøvegen
Brusand
Hå
Icon Tid
Kl. 11.00 - 15.00
Icon Arrangør
Jæren friluftsråd, Jærmuseet, Besøkssenteret Våtmark Jæren, Hå historielag og Jæren kystlag
Søndag 6. september inviterer me igjen til ein gild aktivitetsdag ved Kvassheim fyr – der bølgjene, vinden og historia møtest.

Her får både små og store sjansen til å bli betre kjent med fuglelivet, sjøredningshistoria, oppleva kystkulturen på nært hald og delta på aktivitetar.

Opplev fyret frå innsida, kjenn lukta av salt sjø og høyr forteljingane om dei dramatiske redningsaksjonane langs Jærkysten.

Høgdepunkt for dagen:

  • Prøv deg på natursti, spleising, tauringar.
  • Kåre Kråke frå Naturoppdraget har oppgåver, våtmarksspill og premiar til alle barn i forbindelse med Barnas våtmarksdag.
  • Møt ornitolog Øyvind Gjerde og lær om trekkfuglane som stoppar på Jæren.
  • Bygg din eigen båt – og test den på vatnet etterpå (kr 100,-)
  • Lag din eigen rakett og send han susande opp i lufta.
  • Høyr historia frå 1842 om forliset av Ingermanland. Klokka 12 og 13. (Varighet 15 min)

Kaféen på fyret er open heile dagen kl 11- 16, perfekt for ein pause med utsikt over havet.

Det er få parkeringsplassar ved fyret. Det vil gå gratis skyttelbuss frå Vigrestad stasjon kvart på og kvart over med første avgang 10.45 og siste kl 13.30. Avgang frå fyret heil og halv med siste avgang kl 15.00.

Icon Oppmøtested
Friluftsfyret Kvassheim