Go Norsk Friluftsliv to main content
16. nov. 2026

Eventyrstund med Astri Sudmann

Mer informasjon
Eventyrstund med Astri Sudmann
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 17.00 - 19.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson
Maren E. Langesæther
voss.utferdslag@dnt.no

Seinhausten kan vera fin, særleg når ein samlast om kveldane og får høyra på eventyr! 

Måndag 16. november kl. 17.00 blir det eventyrstund med Astri Sudmann i Gjerneshuken (rett nedanfor Gjernes Skule). 

Parker på nedsida av Gjernes Skule og fylg så merkinga ned til gapahuken. Det tek berre eit par minutt å gå ned til gapahuken på god grusveg som òg høver for barnevogn. Me oppmodar til samkøyring, eller å sykla til Gjernes Skule. 

Ta gjerne med kveldsmaten. Me avsluttar kring kl. 19.00

Arrangementet er gratis - det er ikkje naudsynt å melda seg på. Merk at på alle Borna sitt Turlag arrangement har føresette ansvar for borna. 

Arrangementet er eit samarbeid med Gjernes Grendalag.

Velkomen, alle saman!

Icon Oppmøtested