Go Norsk Friluftsliv to main content
19. Sep 2026

Eventyr i parken på Bjørkheim - Draug

Mer informasjon
Eventyr i parken på Bjørkheim - Draug
IconSted
Samnanger
Icon Tid
Kl. 11.00 - 14.00
Icon Arrangør
Samnanger Turlag

Samnanger Turlag og Samnanger Bibliotek ynskjer igjen velkomen til gratis vandreteater med "Eventyr i parken". I år kjem dei med forestillinga "DRAUG".

Vandreteater er eit oppsøkjande teater der publikum vandrar gjennom stykket. Dette vil skje rundt parken på Bjørkheim.

Heile framsyninga foregår utandørs, så hugs å kle dykk etter véret.

Målgruppe: 6 år og oppover

Det vil vere 2 forestillingar: kl.11 og kl.13 og varer i ca. 50 minutt. Alle (born og vaksne) må melde seg på via Friskus for å sikre seg plass, då det er avgrensa tal plassar pr forestilling.

Påmelding til forestilling kl. 11.00

Påmelding til forestilling kl. 13.00

Oppmøte/parkering: Utanfor biblioteket på Bjørkheim (turlaget tek i mot dykk)

Biblioteket er laurdagsope denne dagen, så legg gjerne turen innom der før eller etter forestillinga.

Teateret skildrar forestillinga slik:

"Bli med inn i eit univers inspirert av nordiske sagn og folketru frå den norske kysten!

Havet har alltid gitt liv og forteljingar langs kysten vår. Men når grenser blir kryssa og åtvaringar ikkje blir høyrde, kan det få konsekvensar. Ein fiskar har forlist, og spørsmåla ligg i lufta: Tok ho meir enn ho trong? Var det Kraken ho fiska over? Og kan det verkeleg vere Draugen som kviskrar i bølgjene?

Møt dei to fiskesøstrene Olise og Sara og hør dei fortelje om sin siste fiskeferd!"

Meir info om Eventyr i parken og forestillinga Draug her

Icon Oppmøtested