Tur til Skorpa!
Turleiarane har raude DNT vester
Turleiarar: Signe Nordvik
Trimpoenga på Skorpa finn vi som vanleg på Blåkollen 393 mho ved varden. Vi går inn langs Skorpevatnet og etterpå går stien jamt oppover. Vi må rekne ca 4 time opp og ned. Inkludert pause på toppen.Går vi fortare kan vi rekke ein tur på vegen utover øya. Retur med rutebåten kl 20:25. Då får vi ein rundtur til dei andre øyane med på kjøpet. |
|
Kva treng du? Ta med rikeleg med drikke og niste. Gode kle og sko til tur, gjerne eit skift.
Spørsmål? Kontakt Signe Nordvik
Påmelding: Meld deg på i god tid, senest kl 20 kvelden før!
Velkommen på tur til Skorpa!
Foto: Fylkesarkivet.no