Barnas Turlag Luster inviterer til en eventyrleg dag i Solvorn i samarbeid med Eventyr i Parken - Bli med på en framsyning du seint vil glemme.
Bli med inn i eit univers inspirert av nordiske sagn og folketru frå den norske kysten!
Havet har alltid gitt liv og forteljingar langs kysten vår. Men når grenser blir kryssa og åtvaringar ikkje blir høyrde, kan det få konsekvensar. Ein fiskar har forlist, og spørsmåla ligg i lufta: Tok ho meir enn ho trong? Var det Kraken ho fiska over? Og kan det verkeleg vere Draugen som kviskrar i bølgjene?
Møt dei to fiskesøstrene Olise og Sara og hør dei fortelle om sin siste fiskeferd!
Oppmøte: Parkeringsplassen ved ferjekaia i Solvorn kl. 12 - derfra vil turledere frå Barnas Turlag vise deg veg til eventyret.
Lengde: ca. 50 minutt
Målgruppe: 6 år +
Billetar: Framsyninga er gratis, men da det maks er plass til 50 stk, må du registrere deg og familien viss du ønskjer å vere med.
Praktisk info
Heile framsyninga foregår utandørs, så hugs å kle dykk etter véret.
Det kan vere lurt å ha med litt å drikke og ete på undervegs, om det vert behov for litt påfyll for dei minste. Vi kan også anbefale å ta med sitteunderlag. Løypa er ganske enkel, men det kan vera greitt med bæremeis for dei minste.
Hundar må vera heime denne dagen.
Eventyr i Parken er eit Bergensbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for born og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneopplevelse” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for sitt nyskapande arbeid.
Les meir: www.eventyriparken.no
CO-produsent: Senja Barnefestival
Skapande skodespelarar: Stine Revheim Svellingen, Thomas B. Brandt & Ingeborg Meyer Lysne
Manus: Lina Taule Fjørtoft, Adele Lærum Duus
Regi: Adele Lærum Duus
Kostyme, scenografi, rekvisitt- og plakatdesign: Tora Troe
Kostymesyer, scenografi og rekvisittassistent: Signe Duus
Produsent: Lina Taule Fjørtoft
Produsentassistent: Bekka Vik Erlandsen
Manusbidrag: Katrine Lovise Øpstad Fredriksen
Turné 2026 er støtta av
Senja Barnefestival, Kulturdirektoratet, Vestland Fylkeskommune, Bergen Teater og Dramatiske Selskab A/S, Sparebanken Norge, Oluf Bjørneseths fond, Bergen kommune, Proscen, NSF- fond for frilansere, Fana Sparebank.
Lokale samarbeidspartnarar
Luster Turlag og Luster Sparebank