Vil du vere med på ein overnattingstur til Kaldavasshytta før våren set inn for fullt? Gjer deg klar for en skikkeleg kosetur med fokus på god mat og hygge.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Middels (blå): 400 høgdemeter, 6 kilometer og 2,5- 3 timer (kvar veg)
Turomtale:
Dag 1:
Me møtast på togstasjonen kl. 09:20 for å fordela mat og nødvendig ustyr mellom deltakarane. Toget går kl. 09:50 og er framme kl. 10:38 på Upsete. På Upsete spenner me på oss fjellskia der det er mogleg. Me fylgjer vinterruta til Kaldavass. Turen er omlag 6 kilometer og 400 høgdemeter. Me reknar 2,5- 3 timar på turen, så me har god tid før sola går ned, og tar ein god lunsj i vårsola. Vel framme på hytta planlegg me ein skikkeleg god middag, og ein sosial og hyggeleg kveld med god gammeldags hyttekos.
Dag 2:
Me står opp og fiksar kaffi og frukost sammen, før me set i gang med utvask av hytta. Det blir same turen heim, også her har me satt av god tid. Me kan velja om me vil ta ein tidleg tur heim og rekkje toget kl. 13:18 eller kl. 16:01.
Krav til deltakarar:
Vand til å bere tung sekk, greie skiferdigheiter.
Utstyr:
Pakk med egen lunsj og snacks til lørdag og søndag.
Feller er nødvendig.
Frammøte:
På perrongen fremfor Bunnpris på Voss togstasjon kl. 09:20.
Transport:
Tog frå Voss stasjon til Upsete stasjon tur/ retur. Deltakarar må sjølv bestilla togbillett på førehand.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Inkluderer overnatting, middag og frukost.
Medlem (under 26 år): 425 kr.
Ikkje-medlem (under 26 år): 585 kr.
Medlem: 595 kr.
Ikkje- medlem: 770 kr.
Frivillig VU: 250 kr
+Togbillett tur/retur som deltakarane sjølv må bestilla på vy.no
*Årsaka til at det er ulik pris for over og frå 26 år er pga. ulik pris på overnatting i forhald til alder.
Turleiarar:
Randi Vaage Nordihus, randinordihus@gmail.com, 47 65 36 80
Elise Stordahl