Go Norsk Friluftsliv to main content
17. jan. 2027

DNT ung: klatre - og buldredag i Førde

Mer informasjon
DNT ung: klatre - og buldredag i Førde
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 12.00 - 17.00
Icon Arrangør
DNT Sogn og Fjordane
Icon Kontaktperson
DNT ung v/ Theodor Eliassen Fink
theodorfink4@gmail.com

Klatre- og buldredag for ungdom (14–20 år).
Sundag 17. januar kl.12.00 - 15.00.

DNT ung inviterer til ein sosial og kjekk klatre- og buldredag i klatresenteret. Arrangementet passar for alle, enten du har klatra før eller berre er nysgjerrig og vil prøve for aller første gong.

Arrangmentet varer frå kl 12.00 - 15.00, men klatresenteret er ope heilt til 18.00 om du ynskjer å vere lenger. 

I klatrehallen kan dei som har topptaukort eller brattkort klatre fritt. Har du ikkje klatra før, kan du boltre deg i buldreveggen utan forkunnskap. 

Mat og drikke: Ta med eiga drikkeflaske. Det blir pizza rundt kl. 14.30.

Klede: Det kan vere litt kjøleg i hallen når ein ikkje er i aktivitet. Ha på klede som er gode å røre seg i, gjerne langarma. Ta med innesko eller tøfler og varme klede til pausar.

Utstyr: Har du eige klatreutstyr kan du ta det med. Om ikkje, kan du låne klatresko, sele og anna nødvendig utstyr på klatresenteret.

Pris og påmelding:
Gratis for medlemmer i DNT.
Ikkje - medlemmer betaler kr 150,-. Prisen inkluderer inngang, leige av utstyr og pizza.
Påmelding innan 15. januar. Har du allergiar skriv du dette i kommentarfeltet ved påmelding.

Vilkår: Vi legg til rette for trygg og forsvarleg aktivitet, men deltaking skjer på eige ansvar i tråd med DNT sine generelle vilkår.

Icon Oppmøtested