Introkurs i dykking for ungdom (11–16 år)
Har du lyst til å prøve fridykking? No har du sjansen! Vi inviterer ungdom mellom 11 og 16 år til eit spennande og trygt introkurs i fridykking. Dette er den perfekte måten å finne ut om dykking er noko for deg.
Kurset varer i om lag 4 timar og gir deg ei trygg og kjekk innføring i undervassverda saman med godkjent instruktør.
Innhald i kurset
Kort teoridel. Vi går gjennom det viktigaste du treng å vite før du dykkar:
Grunnleggande bruk av utstyr
Sikkerheitsreglar
Øving på grunt vatn. Du får bli kjend med utstyret og øve på enkle ferdigheiter. Deretter, når du kjenner deg trygg, får du dykke noko friare i sjøen.
ℹ Praktisk informasjon
Kven kan delta? Ungdom 11–16 år som er symjedyktige og i rimeleg god fysisk form.
Helse: Det må fyllast ut ei enkel eigenerklæring om helse (føresette må signere for deltakarar under 18 år).
Du treng å ta med: Badeklede og handkle.
Utstyr: Alt nødvendig dykkerutstyr er inkludert.
🎓 Etter kurset
Etter gjennomført kurs får du diplom.
Dette er ein trygg, spennande og lærerik aktivitet for deg som er nysgjerrig på livet under vatn!
Kurset er eit samarbeid mellom DNT ung og Ungdom i Natur (Sogn Friluftsråd)
👉 Påmelding via denne lenka