Turen startar frå parkeringsplassen i Breidvik kl. 12.00 og går til Breidvikstølen.
Me går på god skogsvei/sti og turen tek om lag 1 time. Ein kjempefin tur som passar for turboungar i alle aldrar. Det blir premie til barna som er med og som vanleg får de prøve dykk i kano og kajakk.
Me arrangerer turen saman med Breidvik og Bålen bygdelag. Dei sel mylse, pølser, vafler, kaffi mm. på stølen, så det kan vere lurt å ha med litt pengar eller eventuelt vippse om der er dekning på telefonen. Kanskje møter me dei som går langturen med Ytre Sogn Turlag over Tveiteskardet frå Tveita.
I år vert det friluftsgudsteneste med prest Håkon Kinsarvik kl. 13.30.
Kle dykk etter veret.
Foreldre har ansvar for eigne born.
Generelle vilkår for deltakelse: https://www.dnt.no/aktiviteter/vilkar/
Velkommen på tur!