Go Norsk Friluftsliv to main content
IconSted
Icon Tid
Kl. 17.30 - 19.30
Icon Arrangør
Jæren turlag
Icon Kontaktperson

Vi går gjennom jernbaneundergangen og inn på Nærbøgata, som er den eldste gata i Nærbø. Her er busetnad frå slutten av 1800- blandt anna «Mossigehuset» som er bygd i 1868 og nå freda.

Vidare går turen gjennom nyare busetnad og krysser Opstadvegen og inn på ein bygdaveg «TRÆET» som fører oss opp til fornminne: Bø gamle kyrkjegard. Kyrkja som stod her er frå ca:1300-talet og var hovudkyrkja i prestegjeldet fram til 1668.

Herfrå går turen via Skatteberget og gjennom Jernbaneskogen (som nå er uthogd) og til Pyttaskogen.

Oppmøte: Torget ved Nærbø jernbanestasjon kl 17.30

Turleiar: Steinar Undheim, mobil 905 41 357

               Berit Orre, mobil 932 17 255

Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.

Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem

Icon Oppmøtested